Kommunalt tilskot til klima- og energitiltak i private bustader

Hus  - Klikk for stort bilete Pexel- gratis

For å sikre at dei eldre husa kan vera attraktive også i framtida, og samstundes vert betre rusta for å møta dagens krav til klima- og energieffektivisering, har heradet oppretta ei tilskotsordning  til klima- og energitiltak i private bustader. 

Kvar husstand kan søkja 1 gong og maks søknadssum er 50 % av totalkostnaden med inntil kr 25 000 pr husstand. 

 Ordninga gjeld frå 01.01.2023 og så lenge midlane rekk. 

Søknadsskjema finn du her 

Kontaktperson ved spørsmål er: Trygve Vik, trygve.vik@ulvik.kommune.no , tlf. 40007186

Retningsliner:

1. For å klima- og energieffektivisere eldre hus i Ulvik, slik at dei er betre tilpassa tida me lever i og samstundes kan verta meir attraktive mtp framtidig bruk innfører Ulvik herad ei tidsavgrensa kommunal tilskotsordning, jf vedtak i heradsstyret 24.mai. Ordninga er ein eingongsstønad som skal utbetalast etter søknad.

Heradsstyret i Ulvik har løyvd inntil nok 983.800 til ordninga.

2. Ordninga gjeld for fastbuande med folkeregistrert adresse i heilårs bustader i Ulvik herad i søknadsperioden.

3. Maks søkandssum pr husstand er avgrensa til 50 % av kostnad med inntil kr 25 000. Kvar husstand kan berre søkja ein gong, men søknaden kan omfatte fleire tiltak. Søkjer ein til dømes om tilskot til 3 ulike klima- og energitiltak med ein kostnad på til saman kr 45 000, så kan ein få tilskot på kr 22 500. Ved samla kostnad på kr 25 000 vil ein kunne få kr 12 500. Eigeninnsats dekkast ikkje.

4. Støtteordninga gjeld for tidsrommet frå 01.01.2023 og så lenge løyvinga rekk. 

5. Søknadsskjema (digitalt) som er utarbeidd for ordninga skal nyttast.

6. Alle søkjarar skal legge ved kopi av kostnader knytt til tiltaka det vert søkt om tilskot for. Alle bilag må vera datafesta innan perioden for støtteordninga. I tillegg må ein leggja ved attest/godkjenning på utført arbeid.

7. Det er ingen søknadsfrist. Søknader kan sendast inn løpande i heile tidsrommet ordninga gjeld for. Førstemann til mølla gjeld, og tilskot vert gitt så lenge det er pengar att på ordninga.

8. Ordninga gjeld ikkje for tiltak som støttast gjennom ordinære ENØK-tiltak eller andre liknande ordningar. Ordninga gjeld heller ikkje fritidsbustader eller heilårsbustader som ikkje nyttast som fast bustad (folkeregistrert adresse). Ordninga gjeld ikkje næringsbygg.

9. Støtta kjem inn under «Forskrift om offentleg støtte». Evt skattemessig konsekvens for den enkelte søkjar er heradet uvedkomande, dette må søkjar sjølv ha kontroll på.

Til toppen