Kommunalt næringsfond som følgje av Covid-19

Heradsvåpen Ulvik herad  - Klikk for stort bilete Ulvik herad har fått ei særskild løyving på kr 2.003.865 til næringsutviklingstiltak gjennom nasjonal krisepakke 3. Midlane skal forvaltast etter «Mellombels forskrift om tilskot til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbrotet». Forskrift

Cittaslow - Klikk for stort bilete

 

Det er ingen søknadsfrist. Alle søknader vert handsama i ordinære formannskapsmøte, første gong i  møte 21. oktober. Offentlege aktørar kan også søke.

Statlege føringar for ordninga:

Målgruppene er bedrifter, etablerarar og aktørar som legg til rette for og/eller gjev støtte til næringsutvikling. Kommunane kan unntaksvis tildele midlar til eigne tiltak som oppfyller føremålet.

I vurderinga av søknadene skal det leggjast særleg vekt på:

  • tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  • tiltak som motverkar negative verknader av covid-19-utbrotet
  • tiltak som kjem raskt i gang

Heradsstyret i Ulvik har gjeve følgjande prioritering av midlane:

  • 60% til små og mellomstore verksemder heimehøyrande i Ulvik innan dei næringanesom er prioriterte i heradet sin SNU-PLAN

     

  • 30% til små og mellomstore verksemder i andre næringar heimehøyrande i Ulvik, eller prosjekt med regionalt nedslagsfelt i Hardanger og med prosjekteigarar frå minst to kommunar.
     

  • 10% til etableringsstøtte for entreprenørar eller nyetablerte føretak heimehøyrande i Ulvik.

Retningslinene for Næringsfondet i Ulvik finn du her: Retningsliner

Søknader skal sendast gjennom www.regionalforvaltning.no.

Det kan berre søkjast om tilskot til tiltak som ikkje er starta opp. Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av kapitalbehovet i prosjektet, og det skal aldri overstige 75 prosent.

Gjeldande satsar i EØS-reglane for bagatellmessig støtte/gruppeunntaket skal følgjast, som mellom anna inneber at maksimal støttesats til fysiske investeringar i mindre verksemder er 35%. Tilskot skal utbetalast etterskotsvis, men delutbetalingar er mogleg.

Ta gjerne kontakt med heradet v/Anne Marit Lekve, tlf 40 00 71 60 eller e-post anne.marit.lekve@ulvik.kommune.no, for orientering om ordninga og eventuell hjelp i søknadsprosessen.

Publisert av Anne-Marit Lekve. Sist endra 08.10.2020