Kjære sambygdingar!

Coronavirus - Klikk for stort bilete Det er tøffe tider no. Bergen er bekymra for <10 smittetilfelle. Vi har 96 stadfesta tilfelle søndag kveld 7/2. Vi har kartlagt ungane og dei tilsette i barnehage og skule, der utbrotet starta, og mange nærkontaktar av borna, som foreldre og besteforeldre er smitta. Viruset med den britiske mutasjonen ser ut til å vera svært smittsamt! Så langt ser eg heldigvis tydeleg smittevegen for alle dei positive prøvesvara. Smittetala har ein synkande tendens dei siste dagane, det gir von om at det skal vera ein ende på denne unntakstilstanden. Vi forventar å sjå resultat av dei strenge tiltaka vi har innført dei komande 2 vekene. Men no er det opp til oss alle å halda avstand, følgja alle dei påbod og råd som er gjeve og treffa færrast mogeleg utanom eigen husstand for at vi skal få stoppa spreiinga.

 

Heldigvis er det så langt få som er blitt alvorleg sjuke. Men i veka som kjem, kan fleire verta sjukare. Vi i helsetenesta prøver å ringa til dei mest sårbare, i alle fall fleire gongar i veka. Som eg har sagt til fleire på telefonen: Eg lit på at i dei familiane der det er meir enn ein vaksen, er de i stand til å passa på kvarandre og gje melding dersom nokon vert alvorleg sjuke med pustevanskar og utmatting. Dr Marie Bullita vil gjera heimebesøk til dei dårlegaste og vurdera om det trengs sjukehusinnlegging. Vi har fått låna turnuslegen frå Eidfjord komande veke, han vil ta seg av dei som har anna akutt sjukdom som ikkje er koronarelatert, så ikkje nøl med å ta kontakt med oss. Eg vil halda fram med å halda oversikten over smittesituasjonen ilag med smittesporingsteamet. Vaksinasjonsprogrammet held fram som planlagt, noko som er viktigare enn nokon gong.

 

Testbilen frå Bergen legevakt vil vera i Ulvik kvar dag komande veke.  Alle som er blitt tilrådd ny test, og dei som er redde for at dei er smitta, kan møta opp ved Fleirbrukshallen i tidsrommet kl. 12 – 16, måndag til fredag. Det er ikkje lenger naudsynt å avtala testing med legekontoret på førehand, de møter opp ved Fleirbukshallen i aktuelt tidsrom. Eg får melding om alle prøvesvar, og vi kontaktar alle dei nye som vert smitta.

 

Dei som først vart sjuke, er snart ferdige med sin isolasjonsperiode på 10 dagar og kan koma seg ut i ope landskap igjen. Dei er ikkje lenger smitteførande. Dei har hatt det tøft,- legg ikkje stein til børa med å klandra eller mistenkjeleggjera dei. Vi gjer alle så godt vi kan i denne situasjonen. Vi må ha tillit til kvarandre og tru på at det går mot lysare tider!

 

Hald ut, pass på kvarandre! Me skal koma oss gjennom dette ved felles innsats.

Helsing kommuneoverlegen, Unni Solem

Sist endra 10.02.2021