Invitasjon til «Ut på middag i Ulvik»

Brakanes hotel.jpg - Klikk for stort bilete  Samfunnet er endeleg på veg til å opna igjen. Etter ei vanskeleg og einsam tid for mange har Ulvik herad gleda av å invitera innbyggjarar i Ulvik over 65 år ut på middag med dessert og kaffi.

Arrangementet er gratis.

                                                                    

Formålet med middagen er å legge til rette for sosialt fellesskap igjen, som for mange har vore sårt sakna under pandemien

 Tid: Torsdag 19. august 2021 kl. 14.00 – 17.00

Stad: Restauranten til Brakenes Hotel

 

Meny

Gje beskjed ved påmelding kva alternativ du ynskjer til hovudrett:  

 

Alternativ 1: Fisk rett frå kysten

Det ferskaste me får i nevane av kvit fisk frå kysten langs Vestlandet. Servert med sommargrønsaker frå Undeland, smørsteikte poteter og saus på kefir og urter.

 

Alternativ 2: Entrecôte / coulotte eller mørbrad

Tilberedt sousvide og steikt i panne med cherrytomatsalsa og ramsløksmør. Servert med grønt frå Undeland gard, fries og Fanaost.

 

Dessert: Financier toppa med epler og sjokoladeservert med Tonka-is og kvit sjokoladecrumble.

 

Transport til og frå middagen
Ulvik herad ordnar med skyss til og frå middagen for dei som treng det. Gje beskjed om du treng skyss ved påmelding. 

 

Smittevern
Me held oss til gjeldande lokale og nasjonale regler og anbefalingar for smittevern under arrangementet.

 

Påmelding
Meld deg på middagen til Ulvik herad sitt sentralbord, telefon: 56 52 70 00, innan 6 august.

Gi beskjed ved påmelding om matallergi/matrestriksjonar, eller om du har andre behov.

 

Me gler oss til middag, og håpar å sjå deg 😊 

 

Helsing Prosjektgruppa «Ut på middag i Ulvik

Publisert av Beate Frøystein. Sist endra 23.07.2021