Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte for nokre år tilbake eit kartleggingsprosjekt, der området Vestrheim-Opheim-Ljono vart peika ut som eit av to skogsområde i Ulvik med vesentleg underdekking på vegtilkomst for tømmertransport. Det er òg stort hogstpotensial i området.
Statsforvaltaren i Vestland har inngått avtale med FanAgro AS om områdeplanlegging for skogsvegar. Prosjektet er finansiert av Statsforvaltaren med tilskot frå Ulvik herad, og inngår i ei større satsing på kommunale hovudplanar for skogsvegar.
FanAgro AS kjem ti Ulvik onsdag 1. juni, og vil presenterer prosjektet i Heradsstyresalen kl. 19:00.