Informasjon vedrørande covidsmitte i Ulvik

Coronavirus - Klikk for stort bilete Det er påvist 2 tilfeller med Covid 19-smitte i Ulvik, og desse personane er no i isolasjon. Som følge av dette har kriseleiinga i samråd med smittevernoverlegen beslutta å setja 2 skuleklassar ved Brakanes skule og 2 avdelingar ved Ulvik barnehage i karantene mens testing og smittesporing pågår. Karantenen gjeld i første omgang til og med søndag. Ulvik herad vil koma ut med ny informasjon til foreldre, tilsette og innbyggjarar i løpet av søndag.

 

 

Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen 

Sist endra 28.01.2021