Informasjon om vaksinering mot Covid19 i Ulvik herad pr. 20.07.2021

Coronavirus - Klikk for stort bilete  Me er no ferdige med 1.dose til gruppene med bakanforliggande sjukdom, og alle over 45 år har fått sin 1. dose.

Dei fleste som arbeider i skule og barnehage har fått sin 1. dose.

I veke 30 startar vi på gruppe 10, dvs 40-45 år og 18-24 år. Innkalling kjem fortløpande.

 Me forventar å starta på gruppe 11, aldersgruppa 25-39 år i august.

Utover i august-september-oktober er det mange som skal ha sin 2. dose.

 

Dersom du er i dei gruppene som no er ferdigvaksinerte, men ikkje har fått innkalling, så kontakt legekontoret.  

 

Dei som har utsett vaksinasjon grunna feriereise, må sjølve ta kontakt med legekontoret når dei kjem heim att. Tlf 56527040.

 

Helsing

kommuneoverlege Unni og vaksinekoordinator Gunnlaug

Publisert av Hege Nielsen Børve. Sist endra 20.07.2021