Informasjon om kommunale avgifter

 

Innføring av feiegebyr for fritidsbustadar 
I samband med nasjonal innføring av forskrift om brannforebygging 01.01.2016, vert det no innført feiing og feiegebyr for fritidsbustadar i heradet med heimel i brannforskrifta §17. Heradet vedtok i budsjettet i 2017 å innføra feiegebyret for fyrste gong. 

Kommunal avgift for feiing fritidsbustader vert gjeldande frå 01.01.2021, og årleg gebyr for ei pipe er no kr 1986,25 inkl. mva. (jfr gebyr og betalingssatsar 2021). Heile gebyret for 2021 vert fakturert på siste rekninga i år, dvs rekning vert sendt ut i november med forfall 30.12.2021.  

Storleiken på avgifta i 2022 vil bli vedteke i budsjettet for 2022.  Frå 2022 vil avgifta bli delt på tre rekningar, om anna intervall ikkje er valt av kunden. Årleg feiegebyr dekkar kostnaden med feiing kvart 4. år. 

Feiaren tek kontakt med eigarar av fritidsbustadane når det nærmar seg feiing.

For vassmålarabonnentar
Dei som har vassmålar vil no verta fakturert for dette på same faktura som andre kommunale avgifter, med utgangspunkt i 3 terminar pr. år. 

For 2021 vart det i juli sendt ut A-konto faktura til abonnentar med vassmålar. I november i år vert det sendt ut ny A-konto faktura for vassmålar. Avrekning som tek omsyn til avlesning innan 31.12.2021, vert fakturert ein av dei første månadane i 2022.

For alle som mottek kommunale avgifter i Ulvik herad
Min eigedom

No kan alle innbyggjarar logga seg på MinEiendom for å finna all relevant informasjon knytt til sin eigedom. Gå inn på lenka under, og trykk på «Min eigedom» så vert du sendt vidare til ei påloggingside der du loggar deg på med MinID eller BankID. 

https://www.ulvik.kommune.no/tenester/teknisk/

Generell informasjon vedkomande fakturering
Standarden for fakturering vil vera 3 fakturaer i året, men no kan alle som vert fakturert for kommunale avgifter i tillegg velja mellom årleg eller månadleg faktura. 

Har du spørsmål til dette kontakt postmottak@ulvik.kommune.no.

Til toppen