Informasjon i samband med faktura for kommunale avgifter

Informasjon symbol - Klikk for stort bileteI slutten av mars 2022 har Ulvik herad sendt ut fakturaer for kommunale avgifter for 1.tertial 2022:  perioden 1.1.-30.4.2022.

 

På desse fakturaene er det og gjort rettingar på feiegebyr for 2020 og 2021.

 

For abonnentar med vassmålar inneheld fakturaen i tillegg avrekning for fjoråret.

Gjeld abonnentar med feiing/tilsyn husvære:

Heradsstyret vedtok i desember 2021 å redusera feiegebyret med verknad tilbake frå 1.1.2021.

Den reduserte feieavgifta for 2021 fører til reduksjon på faktura for 1.tertial slik: Det fakturerte beløpet for 2021 er trekt frå og rett feieavgift 2021 er lagt til.

Ein del abonnentar vart  i 2020 fakturert for mykje i feiegebyr. Dei dette gjeld, har fått korreksjon på fakturaen.

 

Gjeld abonnentar med feiing fritidsbustader:

Ulvik herad har avtale med Vestnorske Feiertjenester om feiing i Ulvik herad, også feiing av fritidsbustader. Allereie i 2016 kom det lovkrav om slik feiing, men sjølv om heradsstyret vedtok gebyrsats for slik feiing gjeldande frå 2017, så har ikkje Ulvik herad iverksett feiing av fritidsbustader og innkreving av avgift for dette, før i 2021.

I desember 2021 vedtok heradsstyret å redusera gebyret med verknad frå 1.1.2021, og prisreduksjonen for 2021 kjem fram på faktura for 1.tertial 2022 ved at faktisk fakturert beløp vert kreditert og rett gebyr vert fakturert.

 

Praktisk om feiing fritidsbustad

Feiing av fritidsbustader skal utførast kvart fjerde år, og dette vil skje ved at Vestnorske Feiertjenester varslar feiing på førehand til kvar enkelt eigar av fritidsbustad, slik at alle fritidsbustader i Ulvik herad vert feia i løpet av 4-års perioden. Feiaren vil også melda tilbake til heradet om eventuelle utfordringar med feiinga.

Gebyr for feiing vert fordelt over 4-års perioden med betaling kvart år, dette for å fordela kostnaden utover i perioden.

I gjeldande gebyrhefte for Ulvik herad, vedteke i desember 2021, er det lagt opp til ei differensiering på pris for feiing på fritidsbustader, alt etter om fritidsbustaden ligg lett tilgjengeleg til veg eller om  avstanden til veg er lengre. Differensieringa er kalla sone 1 og sone 2. For 2022 vil det ikkje verta differensiert mellom sonene, alle blir fakturert ut frå sone 1 (lågaste gebyrsats). Dette fordi me har behov for å kartlegga kva fritidsbustader som skal liggja i sone 2. Det er det feiaren som vil vurdera og melda attende til heradet. Vurderinga vil vera i tråd med avtalen som gjeld mellom Vestnorske Feiertjenester og Ulvik herad, som er basert på meir enn 250 meter frå veg (luftline). Fritidsbustader i Finse-området vert vurdert på same måte.

Stølshus er enno ikkje fakturert, då me mangla uttrekk i matrikkelen for denne type bygningar, men same krav gjeld som til andre bygningar, og me har som mål å implementere stølshus snarast råd.

 

Me har sjekka moglegheit for «sjølvfeiing» av fritidsbustader som ligg vanskeleg til på høgfjellet, men har fått avklart at det ikkje er opning i lovverket for ei slik ordning.

 

 

Gjeld abonnentar med vassmålar:

I 2021 vart rutinane for fakturering av vassmålar endra til å fylgja fakturering av andre kommunale avgifter, tre gonger i året.

Sommaren 2021 vart det, som tidlegare år, fakturert for halvparten av årleg fastbeløp og a-konto tilsvarande halvparten av venta årsforbruk.

Saman med fakturering i november vart resterande del av fastbeløp for 2021 fakturert, i tillegg til a-konto for resten av venta forbruk for året.

På faktura for 1.tertial 2022 er avrekning for vassmålarforbruk 2021 teke med. (Avlest forbruk med frådrag for a-konto)

 

Pengar til gode?

Abonnentar som, etter korrigering av feiegebyr eller avrekning av vassmålar, har pengar til gode, vil få dette utbetalt automatisk. Om pengane ikkje skulle vera mottekne innan utgangen av mai 2022, ber me deg kontakta heradet på epost okonomi@ulvik.kommune.no

 

«Min eigedom»

Alle med eigedom i Ulvik herad kan finna informasjon om eigedomen sin her: https://www.ulvik.kommune.no/tenester/teknisk/ 

Ein loggar på med BankID.

 

Ynskjer du månadleg fakturering?

Hovudregelen er at kommunale avgifter vert fakturert tre gonger i året, med forfall 30.4., 30.8. og 30.12.

Om du ynskjer månadleg faktura, kan Ulvik herad tilby dette frå mai 2022.  Send ei melding via Min eigedom/Eigedomsdetaljer eller til epost okonomi@ulvik.kommune.no om du vil betale månadleg.

Dei som alt har meldt frå om at dei vil ha månadleg faktura, treng ikkje å gje ny melding.  

 

Spørsmål?

Om du har spørsmål kring kommunale avgifter, send oss melding via «Min eigedom» eller på epost postmottak@ulvik.kommune.no

Har du spørsmål til utføring av feiing, kan Vestnorske Feiertjenester kontaktast på epost vf.helle@broadpark.no eller mobil 41 33 80 85.

Til toppen