Info om influensavaksine, og 3.dose koronavaksine.

Influensa vaksine - Klikk for stort bilete Ulvik får tilsendt influensavaksinane siste veka i oktober. Vaksinasjon vert på Elvatun måndag 1.november kl 14-18 og torsdag 4.november kl 10-18 (pause frå 13-13.30).

Det er berre å møta opp, ein treng ikkje avtale på førehand. De må rekna med litt venting, og den vaksinerte må som vanleg verta verande i lokalet til observasjon 20 minutt etter at vaksinen er sett.

Vaksinen er gratis for alle. Ein kan og få influensavaksinen i samband med konsultasjon hjå fastlegen sin, i slike tilfelle er det eigenandel på kr 50 for dei som ikkje har frikort.

Det er tegn som tilseier ein tøffare influensasesong enn vanleg denne vinteren. Helsetenesta har førehandstinga nok vaksinar til om lag 30% av innbyggjarane våre, og vi oppmodar alle i dei aktuelle gruppene om å vaksinera seg! Vi har og vaksine mot lungebetennelse (pneumokokkvaksine).

Influensavaksine vert tilrådd for: 

  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko 
  • Prematurt fødde born, især born født før uke 32 i svangerskapet, fra 6 måneder til 5 år
  • Born og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma),
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjudom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg vert influensavaksine tilrådd for:

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientea ved behandling eller pleie
  • Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande gris. 

 

Vaksineanbefalinger influensasesongen 2021-2022 - FHI

 

Regjeringa har etter råd frå Folkehelseinstituttet beslutta at alle over 65 år også skal få tilbod om ein dose nr 3 av koronavaksinen (Pfizer).

Det må gå minst 1 veke frå influensavaksine til koronavaksine, og det må vera minst 6 månadar mellom 2. og 3.dose koronavaksine. Rådet frå helsestyresmaktene er å prioritera influensavaksinasjonen først, så 3.dose koronavaksine.

Medarbeidar ved legekontoret vil starta innkalling til oppfriskningsdose koronavaksine i november. Vaksinasjonsdagane vert torsdagar i nov-des-jan, og vi vaksinerer om lag 30 personar kvar veke. For å unngå svinn av vaksinedosar vil kvar person få eit oppmøtetidspunkt. Dersom du er 65 år eller eldre og har fått koronavaksine tidlegare, med dose 2 for meir enn 6 mndr sidan, men IKKJE får ein telefon frå oss innan midten av november, - så kontakt legekontoret.

Oppfriskningsdose til eldre og sykehjemsbeboere - FHI

 

Med helsing kommuneoverlege og vaksinekoordinator.

Publisert av Beate Frøystein. Sist endra 12.10.2021