Info om Folkebadet skuleåret 2020/2021:

symjing - Klikk for stort bilete Folkebadet vil vera open 1 gong i veka frå 12.10.2020.

 

 

  • 12.10.2020:  familebading 17.30-19.00 og damebading 19.10-20.30
  • 19.10.2020: familebading 17.30-19.00 og herrebading 19.10-20.30

     

Frå 26.10.2020 vil folkebadet ha desse opningstidene:
 

Familiebading: Måndag og fredag 17.30-19.00
Damebading:   Måndag 19.10-20.30
Herrebading:    Fredag 19.10-20.30

På grunn av covid 19 er det sett eit maks antall på 20 personar som kan bada pr badeøkt. For at de ikkje skal verta avvist i døra når de kjem, må de ha tinga reservasjonsbillettar («gratis billettar») på https://billetto.no/

Desse billettane må de ha med dykk og visa i badeluka der de kjøper vanlege badebillettar eller klypper i klyppekorta dykkar. Om de ikkje finn ledige billettar på https://billetto.no/er folkebadet fullt og de må venta til neste gong. Det er viktig at de bruker dei reserverte/gratisbillettane slik at flest mogeleg kjem til.

Før dykk på smittevernliste (namn og tlf + namn på borna) når de betaler/klypper korta.

Hugs antibac ved inngangsdøra til hallen og hald 1 m avstand.

Hygienetiltak i symjehallen i høve Covid 19

Det kan vera maks 20 personar i bassenget. Det forutset at alle har god hygiene i tillegg til at ein held minst 1 meters avstand frå andre utanom eigen husstand. Dette er spesielt viktig i foaje, i garderobar og i dusjen.Det vert ikkje sett ut leiker i bassengområdet. Badstova er ikkje open.

Me ber alle om å følgja skilting og beskjedar frå badevakta, i tillegg følgja overordna føringar for å unngå smittespreiing:

Visa god hygiene – god handvask og dusjing med såpe før og etter bading.

Sjuke personar må halda seg heime.                                      

Sist endra 08.10.2020