Info frå Ulvik fjellstyre

reindeer.jpg - Klikk for stort bilete

Miljødirektoratet har i vedtak datert 5.9.18 opna for at fellingsløyve frå Nordfjella kan nyttast over grensa til Hardangervidda villreinområde i kommunane Ulvik og Aurland. Grunngjevinga er at det bør fellast fleire bukkar som høyrer til bestanden i Nordfjella sone 2, sjølv når desse har trekt over på sørsida av Bergensbana, med tanke på å få auka talet på prøver til analyse for CWD.

 

I tråd med dette har Ulvik fjellstyre opna for at jegerar med Nordfjellakort sone 2  kan jakta på Ulvik statsallmenning sør for Bergensbana. NB: Berre bukkejakt! For avtale om jakt i tilgrensande privateigde vald; Kontakt aktuell grunneigar.

 

 

Publisert av Hege Nielsen Børve. Sist endra 11.09.2018