Influensavaksinering sesongen 2019/2020

Vaksine - Klikk for stort bilete Det er tid for influensavaksinasjon! Kommunelegekontoret får vaksinane i hus om lag 15.oktober.

Me har vaksinasjonsdag fredag 18/10 og fredag 25/10, begge dagar 09-14. Det er berre å møta opp. Prisen for vaksinasjon (vaksine og arbeid) er kr 150. Denne summen vert ikkje registrert som eigenandel, og dei som har frikort må også betala.

For alle som har legetime utover hausten, er det mest praktisk å få vaksine i samband med konsultasjonen. Då betalar ein berre kr 50 for sjølve vaksinen.

For nokre kan det vera aktuelt med vaksine mot lungebetennelse (Pneumovax), den kostar kr 300.

Kven bør ta vaksine? Tilråding frå Folkehelsa og WHO er:
Gravide etter 12. svangerskapsuke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annen tilleggsrisiko skal også få tilbud om influensavaksine

Dei som bur i omsorgsbustad og sjukeheim

Alle frå fylte 65 år

Barn og vaksne med:

  • diabetes type 1 og 2
  • kronisk lungesykdom, hjerte- og karsykdom, leversvikt eller nyresvikt
  • kronisk nevrologisk sykdom eller skade
  • nedsatt immunforsvar
  • svært alvorlig fedme (KMI over 40)
  • annen alvorlig og/eller kronisk sykdom der influensa utgjør en alvorlig helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg anbefales influensavaksine til:

Helsepersonell som har pasientkontakt.

Husstandskontakter til immunsupprimerte pasienter

Svinerøktere og andre som har regelmessig kontakt med levende griser

 

Her kan du lesa meir:

https://www.fhi.no/sv/influensa/influensavaksine/

 

Helsing kommuneoverlegen.

Publisert av Claudia Saathoff. Sist endra 09.10.2019