HØYRING

Øvre Lekve. Reinhold Kager  - Klikk for stort bilete Kommunal forskrift om langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgnstenester
Ulvik herad sender med dette på høyring forskrift om langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgnstenester.

Høyringsfrist er sett til 16.07.2017

 

Forskrifta finn du her. (PDF, 478 kB)

HØYRINGSPROSESSEN:
Høyringsfrist er sett til 16.07.2017 og heradet ber om at høyringssvar vert sendt elektronisk til postmottak@ulvik.kommune.no, eller i brev til Ulvik herad, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik.
Merk e-post eller brev med «Høyringssvar til framlegg til forskrift om langtidsopphald i sjukeheim, m.m.».
Høyringssvar vert oppsummert i eit høyringsdokument som vil fylgja saka som vedlegg til den politiske handsaminga av den kommunale forskrifta.
Ulvik herad tek sikte på å få kommunal forskrift opp i Heradstyret i oppsett møte i september 2017.  

Saksgrunnlag:
Grunnlaget for forskrifta er Stortinget si behandling av Prop. 99 L (2015-2016) og vedtak av 17.juni 2016 om endringar i pasient- og brukarettigheitslova og helse- og omsorgstenestelova.
Lovendring i pasient- og brukarrettigheitslova og helse- og omsorgstenestelova om lovfesta rett til  heildøgns pleie og omsorg.   Lovendring er ei presisering og tydeliggjering av gjeldande rett. Regjeringa føreslår med lovendringa  å betra rettsstilling til pasientar og brukarar når det gjeld retten til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgnstenester.

Bakgrunn
Stortinget vedtok 13.juni 2016 lovendringar i pasient- og brukarrettigheitslova § 2-1 e første ledd, jf  helse- og omsorgstenestelova § 3-2 a første ledd,  om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgnstenester dersom dette etter ei helse- og omsorgsfagleg vurdering er det einaste tilbodet som kan sikra pasienten eller brukaren nødvendige og forsvarlege helse- og omsorgstenester. Pasient og brukar sin rett til vedtak i dette systemet skal gi tryggheit for at vedkomande sitt behov er sett og at eit kommunalt tilbod om sjukeheimsplass eller bustad særleg tilrettelagt for heildøgnstenester er tilgjengeleg når behovet skulle oppstå.
Lovendringa inneber også at heradet skal utarbeida eiga lokal forskrift med kriterie for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgnstenester. Forskrifta skal også omfatta vurderingsliste/venteliste for pasientar og brukarar som vil vera best tent med langtidsopphald, men der Inntaksnemnda vurderer at vedkomande med forsvarleg hjelp kan bu heima i påvente av langtidsopphald. Vidare skal forskrifta regulera korleis heradet skal fylgja opp pasientar eller brukarar som ventar på langtidsopphald og/eller bustad særleg tilrettelagt for heildøgnstenester.

Forskrifta er tilpassa lokale forhold. Framlegg til lokal forskrift som no vert lagt ut på høyring inneber ikkje vesentlege endringar i høve til dagens praksis når det gjeld vurderingar som vert lagt til grunn for å innvilga langtidsplass i institusjon og bustad særleg tilrettelagt for heildøgnstenester.  Nytt er kravet til vurderingsliste/venteliste. Helse og omsorgstenestelova legg rammene for det kommunale ansvaret for helse og omsorgstenester. Det sentrale er som før at kommunen er pliktig å tilby forsvarlege, heilskaplege og koordinerte  nødvendige helse og omsorgstenester til alle som bur eller oppheld seg i kommunen. 
Ulvik herad har ikkje hatt ventelister til langtidsopphald i institusjon. Dette gir ein tryggheit og forutsigbarheit om at når eit behov oppstår er der hjelp å få.  Ingen får langtidsplass som første val, kun korttidsplass, for kartlegging og vurdering av vidare hjelpebehov.  Inntaksnemnda er forvaltningsorganet,  gjer vedtak ut i frå gjeldande kriterie og som er styrande for omfanget og type tenester som vert innvilga i nært samarbeid med den det gjeld.  Pasient/brukar som med forsvarleg hjelp kan venta på ein langtidsplass i kommunal institusjon, men som oppfyller kommunen sine kriterie, skal ha rett til vedtak om dette.
Sentrale styresmakter legg opp til at det skal vera liten skilnad på institusjonsomsorg og omsorgsbustader med døgnbemanning. Lovgivar legg i omgrepet «bustader som er særleg tilrettelagt for heildøgnstenester» som at dei er tilpassa for å kunne yta tenester som skal kunne dekka brukar sitt helse-og omsorgsbehov døgnet rundt. I dette ligg at pasient eller brukar har rett på  hjelp  og tilsyn frå eigna og tilgjengeleg personell tilsvarande  det som ville blitt gitt dersom vedkomande hadde vore innlagt i sjukeheim.  Ulvik herad har ikkje døgnbemanna omsorgsbustader. I omsorgsbustader vert det utført  tilsynsoppdrag og hjelp gjennom døgnet, inkl. natt. Tilrettelagt  bustad vil kunne gjera den enkelte meir sjølvhjelpen i kvardagen og slik også redusera/utsetja nivået på tenestebehovet.  Hjelpeapparatet vil også kunne gi eit betre omsorgstilbod i ein tilrettelagt bustad enn i ein heim som ikkje er tilrettelagt for omfattande hjelpbehov. Oppstår behovet  for døgnkontinuerleg tilsyn og hjelp vil denne form for hjelpebehov i dei fleste tilfelle best kunne gjevast i kommunal institusjon som har døgnbemanning.  Rundt 80% av mottakarane med langtidsopphald i institusjon er over 80 år  (Prop. 99L, s 7). Lokalt er gjennomsnittsalderen på pasientar med  langtidsopphald 84 år. Langtidsopphald i institusjon peikar seg difor ut som ei teneste for dei eldste eldre med omfattande hjelpebehov, men unntak førekjem. 

Kommunen skal etter forslaget føra ventelister over pasientar/brukarar som ventar på langtidsplass i kommunen. Lokal forskrift legg opp til at sakshandsamar i Inntaksnemnda får ansvar med å fylgja opp venteliste slik lokal forskrift legg opp til.
På sikt vil departementet fastsetja nasjonale kriterie for tildeling av langtidsopphald i kommunal institusjon eller opphald i tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgnstenester.  Føremålet er å bidra til meir forutsigbarheit og meir openheit rundt tildelingsprosessen. Erfaringar frå forsøk  med statleg finansiering av omsorgstenester vil vera eit viktig grunnlag for å utarbeida nasjonale tildelingskriterie. Forsøket skal avsluttast i 2019. Regjeringa er av den oppfatning at det er viktig å synleggjera for pasientar, brukarar og pårørande kva kriterie som gjeld ved tildeling av langtidsopphald i kommunal institusjon og bustad særleg tilrettelagt for heildøgnstenester så snart som råd og ikkje venta til nasjonale kriterie er på plass.

Forskrift er utarbeida av ei tverrfagleg gruppe i heradet knytt til helse og omsorgsavdelinga med kommuneoverlege Unni Solem, helse og sosialleiar Harald Johnsen og pleie og omsorgsleiar Karin Fleten.

 

Publisert av Claudia Saathoff. Sist endra 06.06.2017