Høgskulen på Vestlandet (HVL) inviterer til etterutdanning i digital kompetanse og leiing

 

logo - høgskulen på vestlandet.png - Klikk for stort bilete

I november startar eit nytt og spennande kursprogram på Høgskulen på Vestlandet (HVL) med stønad frå regjeringa sine koronamidlar, som skal gje verdifull kompetanse innan digital økonomi og leiing.

Søknadsfrist 15. oktober

 

Fyrste del av programmet gjev tre kurs om digital marknadsføring, digital organisering og digital forretningsforståing.

Kvart kurs består av fire helgesamlingar slik at det skal vera mogleg å kombinera med full jobb eller andre forpliktelsar.

Dei fleksible kursa er gratis og mogleg med stønad frå utdanningsdirektoratet DIKU og HVL.

Kurspakka vert gjennomført med partnerar i heile Hordaland, bl.a. Hardanger, Øygarden, Sunnhordland, Osterøy, Voss og NAV.

Rådgjevar for digital økonomi og ledelse - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

 

Ulvik herad er ein av fleire samarbeidskommunar med Høgskulen på Vestlandet i utviklinga av nye, desentraliserte studietilbod.

  

Publisert av Beate Frøystein. Sist endra 28.09.2021