Friskus: digital aktivitetskalender

  Lurer du på kva som skjer i Ulvik, av aktivitetar og arrangement, eller vil du sjølv leggja ut informasjon om ulike tilbod?

Kvar veke er mange aktivitetar i Ulvik, for både born og vaksne, men det er ikkje like enkelt å få med seg alt som skjer, eller å nå ut med informasjon. 

Ulvik Herad har difor tatt i bruk aktivitetskalenderen Friskus, der lag og organisajonar kan leggja ut info om aktivitertar og arrangement i bygda. I Friskus kan du registrera din organisasjon som arrangør og oppretta ein aktivitet som blir lagt ut på sida. Ingenting er for stort eller smått, det kan vera alt frå strikkekafé til kajakk-kurs.

Friskus hjelper deg ut av sofaen og vekk frå skjermen, så du kan gjera det du likar saman med andre. Ver ein Friskus du også!

ulvik.friskus

Til toppen