Fotokonkurranse.

kamera-vintage - Klikk for stort bilete I samband med satsing på profilering av Ulvik ynskjer me fleire og betre bilete som viser aktivitet. Me har veldig mykje flotte bilete av den fantastiske naturen vår, men manglar gode bilete på aktivitetar.

Levèr bileta innan 1. september 

Me lyser difor no ut ein fotokonkurranse, der me inviterer til å senda inn fotografi som viser ei eller anna form for aktivitet. Dette kan t.d. vere kajakkpadling på fjorden, folk i båt, tur i skog og mark, skitur eller kiting på høgfjellet, sykkeltur på Rallarvegen, kor- eller korpsøving, snowboard eller vass-ski, fotballkamp, karateøving – ja, kva som helst som viser aktivitet for unge og gamle. Det er lov å vera kreativ. Alle kan delta.

Bileta må vera i jpg-format og må ha god oppløysing, slik at dei kan nyttast på nettet eller på trykk. God oppløysing vil sei minimum 425 x 277 pixlar (dpi). Du kan senda inn så mange bilete du vil.

Det vil verta sett ned ein jury som plukkar ut dei bileta me ynskjer å bruka. Juryen vil bestå av representantar frå heradet og frå næringslivet.

Vilkår:  

  • Bilete du sender inn med synlege/gjenkjennbare personar må vera godkjent av personane på fotografiet
  • Bileta bør vera minst mogeleg redigert og vera anten i fullfarge eller svart/kvitt
  • Bileta må kunne nyttast vederlagsfritt av Ulvik herad og Ulvik næringslag til profileringsføremål av Ulvik som destinasjon
  • Bileta bør vera av nyare dato (2019/2020)
  • Du skal berre senda inn bilete du sjølv har teke, evt skal namn på fotografen oppgjevast. Fotografen må i så fall ha godkjent at biletet vert sendt inn og brukt.

 

Me vil kåra dei 3 beste bileta og desse vil få ein fin lokalt produsert premie. Alle bileta som vert nytta vil verta publisert med namn på fotografen.

 

Send bileta dine til post@ulvik.kommune.no. Merk eposten med Fotokonkurranse. Det skal sendast inn kun 1 bilete i kvar epost. Innan 1. september 

 

I eposten skal du oppgi fylgjande informasjon:

  • Namn på fotografen og evt innsendar dersom det ikkje er same person
  • Namn på gjenkjennbare/synlege personar
  • Kvar og når biletet er teke
  • Type aktivitet eller arrangement motivet er henta frå

 

Me håpar mange vil bidra med bilete til denne fotokonkurransen og ser fram til å gå gjennom alt som kjem inn.

fyrtse gong publiset 28.4 

Sist endra 12.05.2020