Forfattarbesøk på biblioteket

Onsdag 25. januar klokka 19.00 kjem den tidligare journalisten og redaktøren Bjørn Steinar Meyer til Ulvik folkebibliotek for å fortelje om bøkene sine,  "Mødre uten barn, fra adopsjonens ukjente historie" og "Førerkvinnen" om Olga Bjoner. 

 

Arrangementet er gratis.

I « Mødre uten barn» har Meyer gravd fram ein fullstendig ukjend og dramatisk del av norsk historie, medan boka om Olga Bjoner viser fleire og ukjente sider av den berykta «Riksrøya». Begge bøkene har fått mykje ros og vakt oppsikt på kvar sin måte. Og begge er delvis skrivne og redigert i Ulvik der forfattaren har feriert sidan 1970-tallet og budd dei siste åra.

Til toppen