Føresegn om smitteverntiltak, Ulvik herad, Vestland

info.jpg - Klikk for stort bilete  Det er smitteutbrot i Ulvik, førebels med 9 stadfesta smittetilfelle.

 

På bakgrunn av dette har kommuneoverlegen vedteke mellombels lokal føresegn, gjeldande frå og med 1.februar til og med 7.februar. 

 Forskrifta, som ligg vedlagt omfattar mellom anna fylgjande smitteverntiltak/restriksjonar:

  • Krav om bruk av munnbind på offentleg transportmiddel, i butikkar og elles på offentlege stader
  • Alle arrangementslokale skal halda stengt. Dette gjeld og museumsdrift, treningssenter, ungdomsklubb, m.v. og gjeld både for barn, unge og vaksne.
  • Både grunnskulen, produksjonsskulen, fagskulen og vaksenopplæringa held stengt og det vert lagt opp til digital undervisning, så langt det går.
  • Barnehagen og SFO er stengt.
  • Alle med kontorarbeidsplass, i og utanfor heradet SKAL nytta heimekontor, så langt det er mogleg.
  • Serveringsstader må stengja seinast kl 22:00 og kan ikkje servera alkohol etter kl 21:30 (framleis kun i samband med matservering)

Føresegn om smitteverntiltak, Ulvik herad, Vestland (PDF, 205 kB)

Sist endra 31.01.2021