Fleire ledige faste helgestillingar ved Ulvik Omsorgstun i kombinasjon med heimebaserte tenester

Ledig stilling - Klikk for stort bilete  Ulvik Herad, avdeling helse og omsorg, har ledige faste helgestillingar ved Ulvik Omsorgstun i kombinasjon med heimebaserte tenester

 

Søknadsfrist 01.12.20

Ulvik Omsorgstun er eit nytt omsorgstun. Me har 18 plassar fordelt på ein skjerma avdeling for personar med demens, og ein somatisk avdeling med langtids – og korttidsopphald. Omsorgstunet omfavnar også områda som heimesjukepleie og heimehjelp.

Me har ledig fleire faste stillingar på kvar 2. eller kvar 3. helg og søkjer etter deg som ynskjer å gjere ein innsats for at dei som bur her skal få ein god og innhaldsrik kvardag.

 

Personlege eigenskapar:

  • At du er positiv og imøtekomande
  • At du trivst med å jobbe saman med andre menneske
  • At du er løysingsorientert
  • At du har evne til å jobbe sjølvstendig

 

Kvalifikasjonar:

Me ynskjer i hovudsak at du som søkjer er fagarbeidarar innanfor helse og omsorg.

Ufaglærte som søkjer vert også vurdert.

 

Løn:
Løn i henhald til gjeldande tariffavtalar og pensjonsordning.

 

Anna:

Tilsette i heradet som vil gjere krav om fortrinnsrett, må opplyse om dette i søknaden.

Ein må framvise politiattest ved tilsetjing

Arbeidstakar vert tilsett i kommunen på dei vilkår som fylgjer av lovbestemmelsar, reglement og gjeldande tariffavtalar.

 

Kontakt:

Siw Marlene Bolstad, avdelingsleiar Ulvik Omsorgstun

Tel: 56527080

Cathrine Seim-Haugen, konstituert avdelingsleiar Ulvik Omsorgstun

Tel: 56527080

 

Søknad sendast elektronisk via heradet sine nettsider merk med saksnummer 20/523

 

Søknadsfrist 01.12.20

Sist endra 28.10.2020