Fleirbrukshallen stengt fram til hausten

Brakanes skule og teknisk eining har vorte samde om at idrettshallen ikkje vert opna for aktivitet på ettermiddag/kveldstid før til hausten.


Avgjersla har utgangspunkt i Noregs idrettsforbund sine tilrådingar for smittevern i samband med utøving av idrettsaktivitet, samt skulen sin rettleiar for smittevern.  

Ønskje om leige av hallen og symjebassenget på skulen frå hausten av? 

Me har sett frist til 3. juni på å senda søknad om leige av hallen og symjebassenget på skulen frå hausten av. Søknaden skal sendast vaktmeister Reidar Espelid, med kopi til rektor Rigmor Hanssen

Sist endra 15.05.2020