Fastlege med fastløn, 100% stilling

Ledig stilling - Klikk for stort bilete Fastlege stilling ved Ulvik kommunelegekontor er ledig frå 1.januar 2018.

Søknadsfrist 20.12.2017.

Kontoret har 2 kommunelegar og turnuslege (2 dagar i veka, vi deler med nabokommunen).  Hovudinnhaldet i jobben er kurativt og allsidig allmennlegearbeid med pasientliste på 750, fellesliste med kommuneoverlegen som har 500 listepasientar. I stillinga inngår tilsynslegefunksjon på sjukeheim. Vi er åpne for at arbeidsdeling mellom dei 2 legestillingane kan endrast dersom nytilsett lege har interesse for samfunnsmedisin, smittevern, beredskapsarbeid mm.

Legevaktordninga er interkommunal, 10-delt, lokalisert på Voss i tilknytning til akuttmottak ved lokalsjukehuset.
Treng du meir informasjon? Kontakt kommuneoverlege Unni Solem, tlf 40007135.

Vi tilbyr

  • Eit hyggeleg arbeidsmiljø med gode system for tverrfagleg samarbeid i liten kommune med god oversikt. Kontoret har 1,6 legesekretærstilling, er samlokalisert med helsesøster, jordmor og psykiatrisk sjukepleiar.
  • Fastløn etter avtale, elles gjeldande tariffavtalar.
  • Nyutdanna søkjar vil få tilbod om tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin.
  • Felles «Smågruppe» med kolleger frå nabokommunar 1 gong i månaden, integrert i arbeidstida.

 

Du må ha norsk autorisasjon og ha gjennomført turnus eller ha tilsvarande arbeidserfaring, samt beherska norsk godt skriftleg og muntleg (minimum nivå B2).  Politiattest må leggast fram.

Send søknad via heimesida til Ulvik innan 20.12.2017.

https://www.ulvik.kommune.no/ledige-stillingar/ Saksnr: 17/702

Legg gjerne ved skjema:

http://legeforeningen.no/Om-Legeforeningen/Skjema/Stilling/

Første gong publisert 2.11.17

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 08.11.2017