Fastlege ALIS (Allmennlege i spesialisering), 100 % stilling ledig i Ulvik

Det er ledig ein 100 %-stilling som fastlege i Ulvik frå 1.september 2023. Det er kommuneoverlegen si liste som vert ledig grunna nedtrapping mot pensjonsalder. Kommuneoverlegen vil ha rettleiingsfunksjon for denne stillinga. Listelengda er 600 pasientar, og det er kommunale legeoppgåver i maks 20 % av stillinga. Fastlegen inngår i interkommunal legevaktordning. Ulvik har to fastlegar og ein LIS1.

 

Søknadsfrist 16. april

Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året og eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv, med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med blueshelg, siderslepp, HardangerSUS, poesifestival og oktobertorg - og mykje meir! I Hauge-senteret kan du oppleva den folkekjære diktaren Olav H. Hauge sitt liv og verk. Heradet har eit godt utbygt tenestetilbod, med full barnehage- og SFO-dekking. Frukt og siderruta ligg i Ulvik herad, som også er ein Cittaslowkommune. Meir informasjon om Ulvik og om Cittaslow finn du på vår heimeside www.ulvik.kommune.no og www.visitulvik.no.

Krav til deg som søkjar:

  • Norsk autorisasjon som lege og fullført LIS1
  • Ha starta (eller ønske å starta på) spesialisering i allmennmedisin
  • God muntleg og skriftleg kunnskap i norsk eller nordisk språk
  • God samarbeidsevne og fleksibilitet
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd
  • Førarkort klasse B

Me tilbyr:

  • ALIS-avtale og tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
  • Rettleiing og supervisjon, kommunen er godkjent utdanningsinstitusjon.
  • Gode kollegaer og tett samarbeid i liten kommune
  • Allsidig praksis med faglege utfordringar
  • Velutstyrt legesenter med ultralyd, 24t-BT, EKG, spirometri og lab
  • Konkurransedyktig fastløn
  • 10-12-delt interkommunal legevaktordning på Voss
  • Hjelp til å skaffa bustad
  • God barnehagedekning

Politiattest må framleggast ved tilsetjing. Dette kravet gjeld alle som skal arbeida i helse- og omsorg eller med born, unge og personar med funksjonshemming.

Velkomen som søkjar! Søk stillinga her

Søknadsfrist 16. april

Bruk referanse 23/183 når du søkjer på stillinga!

Ved eventuelle spørsmål om stillinga, kontakt kommuneoverlege og fastlege Unni Solem, epost: unni.solem@ulvik.kommune.no eller mobil: 40007135

Ulvik herad har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar!

Til toppen