Faste lærarstillingar

 Brakanes skule er ein 1 – 10 skule, med 123 elevar.

Skulen legg vekt på god klasseleiing/læringsleiing og klassemiljøarbeid. Skulen er ein trivselsleiar-skule, og me har 30 min fysisk aktivitet for alle elevar – kvar dag! Me har interaktive tavler på alle klasseromma. Elevane våre disponerer eigen iPad/PC. Framover skal me ha auka fokus på lesing, både på digitale flater og i bøker. Me er i prosess med å innføra det dynamiske kartleggingsprogrammet Leselos. På uteleikeplassen vår har me fått ny ballbinge og ny aktivitetsløype.

Me har eit tett samarbeid mellom skule, kulturskule og SFO.

 

Faste lærarstillingar

På Brakanes skule har me ledig 2 faste lærarstillingar i 100 % frå 01.01.2022.

Søknadsfrist 01.12.2021

Kvalifikasjonar:

  • Allmennlærarutdanning evt. faglærarutdanning i norsk, matematikk og/eller engelsk som gir kompetanse for undervisning på 1. - 7. trinn.
  • Musikk og/eller kunst- og handverk som undervisningsfag
  • Evne til å nytta praktiske, relevante og varierte arbeidsmetodar.
  • Kompetanse i å bruka digital teknologi.

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig, fleksibel og løysingsorientert
  • God til å bygga relasjonar med elevar og kollegaer
  • Ein trygg og tydeleg klasseleiar

Til den eine stillinga søkjer me ein røynd kontaktlærar til ein av klassane på småtrinnet.

Til den andre stillinga ynskjer me ein lærar som skal ha hovudtyngda av arbeidet sitt i 1.-4. klasse.

Me hjelper gjerne med å skaffa bustad.

Løn og arbeidstid følgjer sentrale avtalar.

 

Bruk referanse 21/601 når du søkjer på stillingane.

 

Søknadsfrist for stillingane er 01.12.2021

 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing snarast råd.

Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden. Gyldig politiattest må leggjast fram før arbeidsstart.
Søknad kan/bør fyllast ut elektronisk på www.ulvik.kommune.no, og/eller sendast til postmottak@ulvik.kommune.no

Ein kan også senda  søknad med CV og kopi av attestar og vitnemål i papirformat til: 

Ulvik herad, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik.

Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor/kommunalsjef Rigmor Hanssen på telefon 4000 7153
eller på  rigmor.hanssen@ulvik.kommune.no.  

Meir informasjon om kommunen finn du på www.ulvik.kommune.no

 

.

Til toppen