Eplerett konkurranse på Oktobertorget
Har du ein favoritteplerett? Det kan vere eplekake eller noko heilt anna.
Bli med i konkurransen om den beste epleretten!
Du kan levere ditt bidrag på Cittaslow-standen på Oktobertorget 5.10.24 når det opnar kl 10, seinast kl 11.
Ein eigen jury vil smake seg fram til vinnaren og annonsere denne kl 12 frå scena på torget.
Hugs å legge ved namn på rett, namn og telefon til kokk/bakar.
Publisert 26.09.2024 10.24
Sist endra 26.09.2024 10.50