Endra rutiner for tilgang på Sentrumsbygget og Tenestetorget

Info - Klikk for stort bilete

 

Ulvik herad må tilpasse seg nye krav og dette gjeld mellom anna ny personvern-ordning, som er innført for heile EU-området og som Noreg har slutta seg til.

I samband med dette har vi avgrensa den frie tilgangen for publikum, som har ærend på Sentrumsbygget. 

1. I opningstida skal du venda deg til Tenestetorget. Dette gjeld og når du har avtalt tid for møte/samtale med nokon på Sentrumsbygget. Opningstida er måndag-fredag kl 09:00-14:00. Berre hovudinngangen til Tenestetorget kan nyttast. 

2. Tenestetorget kan hjelpe deg med mykje, eventuelt vil dei kontakte den som kan hjelpe deg. Denne vil då komme til Tenestetorget og anten hjelpe deg der, eller på sitt kontor.

3. Utanom opningstida til Tenestetorget kan du venda deg telefonisk direkte til den du skal prate med.

4. Har du avtale med ein sakshandsamar utanom opningstida, vil du bli henta av sakshandsamaren. Dette gjeld og ved møte. 

Avgrensinga er ikkje meint å redusere tilgjenge. Du skal framleis få snakke med den du treng å snakke med og få hjelp til det du treng hjelp med. Samstundes er ordninga med på å skjerme dei tilsette, slik at dei betre kan planlegge sin arbeidsdag og på den måten levere betre tenester til innbyggjarane i Ulvik herad.

Ulvik, 5.juni 2018

Rådmannen

Publisert av Hege Nielsen Børve. Sist endra 05.06.2018