Ekstraordinært tilskot for å oppretthalde hogstaktivitet i skogbruket 2020

Motorsag - Klikk for stort bilete  Landbruks- og matdepartementet fastsette 09.6.2020 midlertidig forskrift for å oppretthalde hogstaktivitet i skogbruket 2020.

Midlane til denne ordninga er foreslått i revidert nasjonalbudsjett 2020. Foreløpig dato for behandling i Stortinget er 19. juni 2020. Forslaget inneberer 50 millionar kroner i en ekstraordinær tiltakspakke for skogbruket der formålet er å oppretthalde hogstaktivitet i skogbruket.

 Det er skogeigar som kan søke om tilskot. Tilskotsordninga skal bidra til at skogeigarar i økt grad sysselset skogsentreprenørar til å utføre heilmekaniserte skogsdrifter der det tas ut tømmersortiment som det er avsetning for. Samtidig skal miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen ivaretakast.

Følgande tiltak omfattast av tilskotsordninga:

  • - Tilskot til heilmekanisert tynning
  • - Tilskot til heilmekaniserte drifter med høy driftskostnad
  • - Tilskot til taubanedrift

 

Du kan søkje om tilskot om:

 

Tilskot vert ikkje gitt til tiltak på skogareal som inngår i verneprosess eller der arealet omdisponerast til andre formål enn skogbruk.

Det kan søkjast om tilskot til drifter som er påbegynt frå og med 12. mai 2020.

 

Du søkjer på ordninga digitalt via Skogfond på nett med pålogging via Altinn. Alternativt kan du nytte papirskjema.

 

Sjå fullstendig utlysingstekst og søknadsinformasjon her:

Publisert av Hege Nielsen Børve. Sist endra 16.06.2020