Ein kveld med Olav Kaldestad si dikting.

Poetiske tankesprang med hundretusenmilssteg. 

Ein kveld med Olav Kaldestad si dikting.

Måndag 27. mai kl. 19.00 på Ulvik Folkebibliotek

 

 

 

 

 

 

 

Haugesenteret i Ulvik og Hardanger folkemuseum på Utne deler kvart år ut prisen Diktartavla til ein markant norskspråkleg lyrikar. Vinnaren av Diktartavla 2024 er den allsidige poeten Per Olav Kaldestad.

Sidan debutsamlinga "Kikkert" kom i 1973 har Kaldestad gjeve ut poesi, sakprosa, gjendiktingar, skodespel og ein stor del barne- og ungdomsbøker. Det har blitt over 40 bøker, og nær halvparten av dei er diktsamlingar. Den nyaste diktsamlinga hans, "Sonettar", kom i 2023. Med sine språklege tankesprang gjennom heile 50 år og med kjærleik for nettopp diktet og diktinga, er årets vinnar ei markant stemme i den norske poesifloraen.

No vil me at poesien til vinnaren av Diktartavla skal kome fleire til gode. Ja, meir poesi til folket. Og nett det vil Haugesenteret og Ulvik folkebibliotek freista gjera denne kvelden. Konservator Stein Arnold Hevrøy og bibliotekar Ivar Bu Larssen har funne fram eit spennande utval dikt frå Kaldestad sin katalog, som dei vil lesa saman med deg. Bli med!

Eit steg, eitt til, så er det gjort: snart er
du langt av stad, og før du anar står
du ved ei elv, ein fjord, eit hav og ser
koss kvervlar, krusningar og bølgjer går -

Utdrag frå diktet Reise frå samlinga Sonettar (2023) av Per Olav Kaldestad.

Arrangementet har fri inngang. 

Til toppen