Det er innført 12 timar gratis SFO for både 1. og 2. trinn frå og med skuleåret 2023/2024
12 timar gratis SFO for 1. og 2 trinn frå og med skuleåret 2023-2024:
Regjeringa har gjort framlegg om at elevar på både 1. og 2. trinn skal ha 12 timar gratis SFO. Kunnskapsdepartementet vedtok den siste forskrift-endringa i november 2022.
Det betyr at det vil verta rimelegare for borna å gå på SFO dei to første skuleåra.
Kommunane er pålagde å plassera kor tid på dagen dei 12 gratistimane skal fordelast. Kommuen kan ikkje automatisk trekkja 12 timar frå opphaldsbetalinga slik at tilbodet over eitt år tilsaman gjev gjennomsnittleg 12 timar gratis SFO per veke.
Ulvik herad har fordelt gratistimane slik:
Dagar
|
Klokkeslett
|
Timar
|
Måndag t.o.m. fredag
|
07.30-08.30
|
Totalt 5 timar pr veke
|
Mandagar og tirsdagar
|
13.00-14.00
|
Totalt 2 timar pr veke
|
Onsdagar
|
14.00-16.00
|
Totalt 2 timar pr veke
|
Fredagar
|
11.00-14.00
|
Totalt 3 timar pr veke
|
- Det vil innebera at dersom du har søkt om fredagsplass eller redusert plass for ditt barn som går i 1. og 2. klasse frå hausten av, så vil SFO plassen vera gratis. Har du heil plass og/eller ferieplass i tillegg så vil det verta tilsaman 12 timar redusert opphaldsbetaling per veke.
- Kommunen pliktar å ha eit tilbod om SFO, men det er ikkje ein rett for elevane å få SFO-plass. Om kommunen ikkje har kapasitet til å gje alle aktuelle elevar eit tilbod, vil me prioritera elevar på 1. og 2. trinn og elevar med særskilte behov frå 1.-7. trinn.
Les meir:
Publisert 10.01.2023 10.45
Sist endra 10.01.2023 10.51