Bustad til Ukrainske flyktningar

Ulvik herad har fått anmodning om å ta imot fleire flykningar frå Ukraina i 2023, det er førebels ikkje avgjort kor mange me kjem til å ta imot. Flykningane må ha ein stad å busetjast, difor oppmodar me på nytt våre innbyggjarar om å ta kontakt dersom de har husrom for dei.

Vi ynskjer hermed å kartleggja om det er nokon som kan tenkja seg å leige ut bustad til flykningar i 2023. Me er spesielt interessert i leilegheiter med 2-3 soverom.

Bruk skjemaet i lenka.

Innmelding av ledige husvære, som kan nyttast til å busetje flyktningar frå Ukraina - Ulvik kommune

Til toppen