Brøytesesongen nærmar seg!

Heradet ber om at alle tar omsyn til at det skal vera mogeleg å brøyte sikkert og effektivt på alle kommunale vegar.  

- For å oppnå dette, ber me om at det blir parkert minimum 1 meter frå vegkant, og at leiker, vedstablar o.s.v. blir plassert godt unna vegbanen.

- Hugs:

  • Å fjerne søppeldunkar frå kommunal veg og grøft. Dunkane skal oppbevarast på privat grunn, og setjast ut på tømedagane.
  • Å parkere på eigen grunn. Snuplassar og vegskulder skal ikkje nyttast til parkering.
  • Å syte for at hekkar, tre og buskar er skore godt ned om hausten slik at ein til vinteren sikrar betre framkomst og meir plass til lagring av snø.
  • Ved brøyting vil det verta lagt igjen snø og is i private avkjørsler. Denne snøen og isen må den enkelte eigar av privat veg sjølv fjerna.

 

-Brøyting er eit samarbeid mellom brøytarane og bebuarane. For å oppnå god og effektiv brøyting, er det viktig at alle tar ansvar. Dette vil då gje betre og sikrare framkomst for både fotgjengarar og bilistar. Me oppmodar alle til å ta i eit tak.

- Ulvik herad vil gjerne at brøytinga går greitt føre seg for alle partar, og vil minne om at heradet ikkje er erstatningsansvarleg for skade på gjenstandar o.a. som er plassert i eller for nær vegbana.

 

 

 

Administrasjonen

v/teknisk eining

Ulvik herad

Til toppen