Brakanesstova og vaskeriet på Brakanestunet

info - Klikk for stort bilete

I samband med at behovet for individuelle tiltak er redusert og at vi dessutan snart flyttar inn i nytt og flott omsorgstun med moderne fasilitetar, har grunnlaget for drifta av Brakanesstova og vaskeriet på Brakanestunet blitt borte. Heradet har difor beslutta å avvikle tilbodet om vaskeri på Brakanestunet og samstundes avslutte leigeforholdet av lokalet Brakanesstova.  

 

Leigeavtalen for lokala er sagt opp frå 1 januar 2020 og frå same dato vil ikkje Heradet lenger drifta vaskeriet eller nytta Brakanesstova som samlingslokale.

 

Nedlegging av vaskeriet vil få konsekvensar for dei som har nytta tilbodet, men det er ikkje ei kommunal oppgåve å drive vaskeriteneste, hverken for privatpersonar eller verksemder.

 

Vaskeriet er utstyrt med maskiner som er eigna for stordrift. Dersom det er personar eller verksemder som ynskjer å halde fram med vaskeriteneste i desse lokala, ta kontakt for å drøfte mogeleg overtaking av utstyret. Dialog omkring leige av lokaler rettast til Ulvik Bustadstifting. Heradet kan hjelpe til med å opprette slik kontakt.

 .

Sist endra 02.12.2019