Besøksrutinar Ulvik Omsorgstun til over sommaren

Ulvik Omsorgstun  - Klikk for stort bilete

 

                                                               

  • Det er no lov med besøk meir enn ein gong i veka, og meir enn ein person kvar gong
     
  • ​Me går ei fin tid i møte og ein tilstrebar at alle besøk føregår utandørs.
     
  • Det vil bli ført protokoll for besøk, kven som har vore her og kortid.
  • Me ynskjer at pårørande ringjer ein dag i forvegen for besøket.
  • Besøkjande skal ikkje gå inn hovudinngang, men benytte seg av dør direkte til pasientrom og dei skal ikkje opphalde seg i fellesareal.
  • Besøkjande skal sprite/vaske hendene grundig når dei kjem og når dei går.
  • Ein tilstrebar å halde avstand mellom pårørande og pasient – det er  lov å halde i handa, men ikkje ha direkte ansikt til ansikt kontakt.
  • Pårørande skal overhalde 1 meters regelen til personalet.
  • Me prioriterer næraste pårørande som besøkjande.

Besøksrutina vert opprettholdt til over sommaren.

Sist endra 04.06.2020