Besøk ved omsorgstunet

I Ulvik har me bestemt fylgjande for dei næraste vekene, fram til 11.05.20:

 

Ulvik omsorgstun vert stengt for besøkjande. 

 

Næraste pårørande til pasientar med raskt fallerande tilstand skal få kome på besøk. Ein nyttar då inngangen direkte inn på pasientrom frå hagen. Dersom besøket kan gjerast utanfor i frisk luft, anbefalar me det.

Vurderingane for når pasientane får besøk blir gjort mellom avdelinssjukepleiarane og tilsysnlækjar og retningslinjer for smittevern skal oppretthaldast.

 

Som alle no veit, har Omsorgstunet over ein god periode vore stengt for besøkjande. Dette har vore i samsvar med retningslingjer frå helsedirektoratet.

No i desse dagar skjer det ei gradvis gjenopning av samfunnet, og kriterier og retningslinjer endrar seg. Barnehagar og skular er i ferd med og opne og me kan få gå til frisør, til fysioterapi og me kan handle i fleire og fleire butikkar.

I tråd med desse endringane har folkehelseinstituttet kome med nye retningslinjer for besøkjande på institusjonar rundtom i landet. Smittefaren er på ingen måte over, og det er mange omsyn å ta relatert til smittevern ved eventuelle besøk. Me vil fortsatt verna om og beskytte pasientane som bur på institusjon, då dei er mest sårbare og utsette for alvorleg sjukdom ved smitte av Covid-19.

 

Råda frå folkehelseinstituttet er fylgjande:

«Helsedirektoratet har fastsatt besøksforbud. Dette må gjøres kjent for ansatte, potensielle besøkende og samarbeidsparter. Det bør likevel legges til rette for besøk for eksempel til beboere som er alvorlig syke. Forutsatt at smittevernrådene beskrevet under følges, kan det også opprettes eget besøksrom nær sykehjemmets inngang hvor friske beboere kan ta imot korte besøk.

Unntak fra besøksforbudet må avklares med sykehjemmet, og antall besøkende begrenses til et minimum. Besøkende skal utføre håndhygiene før de går inn i sykehjemmet, holde minst 1 meters avstand til andre, gå direkte til beboer/besøksrommet og ikke oppholde seg i fellesarealer. Ved besøk hos beboer med bekreftet covid-19, bør den besøkende under veiledning av personell, ta på seg beskyttelsesutstyr som beskrevet nedenfor, før de går inn i beboerens rom. Håndhygiene bør utføres når beboer/besøksrommet forlates.»

 

I Ulvik har me bestemt fylgjande for dei næraste vekene, fram til  11.05.20:

Næraste pårørande til pasientar med raskt fallerande tilstand skal få kome på besøk. Ein nyttar då inngangen direkte inn på pasientrom frå hagen. Dersom besøket kan gjerast utanfor i frisk luft, anbefalar me det.

Alle besøk skal avtalast i forkant, med omsorgstunet, helst dagen før. Personalet skal vere førebudd på at det kjem besøk. Vurderingane for besøk vil verte gjort i samråd med avdelingssjukepleiarane, sjukepleiar på vakt og tilsynslækjar. 

Smittevernsrutiner skal fylgjast – dette av omsyn til pasient og tilsette. Handhygiene før og etter besøk, halde avstand 2 meter. Ein bør forsøke så langt det let seg gjere å ikkje ha mange ulike pårørande som besøkjande – men halde seg til 1 eller 2 faste pårørande.

Me ser at pasientane kjenner seg einsame og at dei saknar sine pårørande. Me håpar de held ut litt til – og ber om forståing for at me må halde dørene delvis stengt ei stund til.

Me har Ipad som kan ringjast til, og til no har me svært gode erfaringar med det.

 

Ved spørsmål må De gjerne ta kontakt med

 

Anna Holven på telefon: 40007189

avdelingssjukepleiar institusjon

 

Siw Marlene Bolstad på telefon: 40007184

avdelingssjukepleiar heimebaserte tenester

 

 

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 29.04.2020