Bålforbod: 15.4 - 15.9

 

bål - Klikk for stort bilete

Frå 15. april til 15. september er faren for gras- og skogbrann normalt større enn elles i året. Det er i denne perioden ikkje lov å gjera opp bål ute i naturen.

Du kan framleis grilla på eigen grunn, eller på tilrettelagde grillplassar og på eigna stader som til dømes i strandkanten. All bålbrenning er på eige ansvar.

Eingongsgrill og bålpanner

Vær svært varsam med bruk av eingongsgrill. Slike er ofte årsak til brann i skog og mark. Plasser aldri eingongsgrillar på brennbart underlag. Eingongsgrillen må sløkkast skikkeleg med vatn og kastast i ein egna metallbehaldar - etter bruk.

Ved bruk av bålpanner gjeld dei same reglane som ved brenning av hageavfall, der ein berre skal brenne tørr og rein ved, eller bruke grillkol.

 

Brenning av hageavfall

 

Det er ikkje lov å brenne hageavfall.


BÅLVETTREGLANE

All brenning skal utførast på ein forsvarleg og varsam måte. Dette gjeld særleg i tørkeperiodar og periodar med sterk vind. Følg desse bålvettreglane:

  • Sørg for god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale
  • Bålet må haldast under oppsyn og kontroll
  • Sørg for at born held god avstand til bålet og at dei ikkje er kledd i lettantennelege klede
  • Bålet må sløkkjast forsvarleg med rikeleg vatn. Finns det ikkje vatn på staden, må dette takast med.
  • Hugs at all bålbrenning skjer på eige ansvar

 

Sist endra 11.05.2020
Login for redigering