Arbeid langs fylkesvegen ved omsorgstunet

På oppdrag frå Ulvik herad og Vestland fylkeskommune startar Tverberg entreprenør AS i neste veke (veke 23) arbeida med å etablere nytt fortau langs fylkesvegen frå fotgjengarovergangen ved Pallefabrikken og Betel, og bort til Ulvik omsorgstun.

Tiltaket er eit trafikksikringstiltak som er heimla i Ulvik herad sin gjeldande trafikksikringsplan, og finansiert av Vestland fylkeskommune.

I samband med arbeida ber me alle som ferdast i området om å ta omsyn til skilt og sperringar, så skal entreprenør og Ulvik herad prøve å gjennomføre arbeida med minst mogleg ulempe for omgjevnadane.

https://kommunekart.com/?urlid=6d5dd31f-8aec-4db2-867d-6492cc173085

Eventuelle spørsmål kring arbeida kan ein retta til Jarle Grevstad , Ulvik herad, tlf.40007147

Til toppen