30.01.2021.NY INFORMASJON VEDRØRANDE COVID-SMITTE I ULVIK

Coronavirus - Klikk for stort bilete Det er stadfesta 2 nye tilfelle av Covidsmitte i Ulvik i dag, dvs at det er 6 personar som er smitta og satt i isolasjon.

 

Alle smittetilfella er relatert til kvarandre og har kjend smitteveg.

 

Heile barnehagen er no satt i karantene og 2 skuleklassar ved Brakanes skule er fortsatt i karantene. Barna og tilsette i barnehagen og dei to skuleklassane vert testa neste veke.

 

Smittesporingsarbeidet pågår gjennom helga. Kommunal kriseleiing skal ha møte i morgon, og vil koma ut med meir informasjon vedrørande den kommunale drifta i morgon kveld, søndag.

 

Ulvik herad minnar om at isolasjons- og karantenereglane skal haldast og oppmodar alle til å overhalda smittevernreglane.

 

 

Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen 

lite, mykje eller heilt avstand FHI. 2021  - Klikk for stort bilete

 

 

Les på Folkehelseinstituttet sine sider:  Karantene og isolering - FHI

Sist endra 30.01.2021