27. oktober: Teaterkompaniet Grep kjem attende til Ulvik folkebibliotek!

soleklart.jpg - Klikk for stort bilete

Soleklart og Månelyst

Teaterframsyning for born mellom 3 og 10 år

 

Solgunn Solstråle og Mons Månesen er naboar og deler hage. Men dei er ulike som dag og natt. Solgunn elskar å stelle i hagen om dagen, medan Mons skyr sollys og likar best å vere ute om natta. Dette fører til at dei stadig vekk er ueinige, og det byggjer seg opp til problem for dei begge. Til slutt går det utover naboskapen og hagen… Korleis klare å leve saman når ein er så ulik?

Ei humoristisk framsyning om venskap, toleranse og om  å ta omsyn til dei som er annleis enn oss sjølve.  Korleis kan Solgunn og Mons greie å ta vare på omgjevnadene og redde hagen frå å verte øydelagd på grunn av deira usejme?

Biblioteket og Teaterkompaniet Grep ynskjer velkomen til oss!

Gratis inngang

 

Publisert av Hege Nielsen Børve. Sist endra 14.09.2018