25.02.2021, KL. 16.00: INGEN NYE SMITTA OG NYE TESTTIDER

Coronavirus - Klikk for stort bilete No har prøveresultata frå onsdag 24.02 kome, og det er ingen nye smittetilfelle i Ulvik.

 

Denne veka er det testing fredag, kl 11.00, utanfor omsorgstunet. Neste veke er det testing måndag og torsdag, kl 11.00, utanfor omsorgstunet. De tingar testing ved å ringja til legekontoret, telefon: 56527040.

Me er ferdige med massetestinga, no er det personar med symptom som skal testa seg, eller personar som har fått melding frå helsepersonell om å testa seg.

Me vil minna om at karantenetida i Ulvik er 14 dagar.

Ny Forskrift om smitteverntiltak for Ulvik herad er publisert på www.lovdata.no, og gjeld i perioden 22.02 – 07.03.2021, sjå lenkje:

Forskrift om smitteverntiltak, Ulvik herad, Vestland - Lovdata

Me vil ynskja dykk ein fin ettermiddag!

 

Information in english  (PDF, 117 kB)

 

Information in arabic  (PDF, 115 kB)

 

 

Helsing

 

Hans Petter Thorbjørnsen

Ordførar Ulvik herad

Sist endra 05.03.2021