23.02.2021, KL. 16.00: OPPDATERTE SMITTETAL

Coronavirus - Klikk for stort bilete No har prøveresultata frå mandag 22.02 kome, og det er kome inn 1 nytt positivt prøvesvar på Covid19.  Smittevegen er kjend.

Denne veka er det testing onsdag og fredag, kl 11.00, utanfor omsorgstunet. De tingar testing ved å ringja til legekontoret, telefon: 56527040.

Me er ferdige med massetestinga, no er det personar med symptom som skal testa seg, eller personar som har fått melding frå helsepersonell om å testa seg.

Me vil minna om at karantenetida i Ulvik er 14 dagar.

Ny Forskrift om smitteverntiltak for Ulvik herad er publisert på www.lovdata.no, og gjeld i perioden 22.02 – 07.03.2021, sjå lenkje:

Forskrift om smitteverntiltak, Ulvik herad, Vestland - Lovdata

Me oppmodar alle innbyggjarane om framleis å ha fokus på smitteverntiltaka!

 

Helsing

 

Hans Petter Thorbjørnsen

Ordførar Ulvik herad

Sist endra 23.02.2021