Ulvik barnehage ligg på Lekve, ca to km. frå Ulvik sentrum. Her er eit stort og flott uteområde, med tilgang til eit rikt nærmiljø med både natur- og kulturopplevingar.
Me har fire avdelingar, to småborns- og to storbarnsavdelingar, med til saman rundt 45 born.
Ulvik herad er ein heilskap og barnehagen er ein viktig del av denne. Barnehagen skal tilby dei yngste innbyggjarane ein god samspels- og utviklingsarena. Det faglege nivået i barnehagen skal vera høgt, og me arbeider for at personalet får utvikla og byggja på den faglege kompetansen sin.
Hovudsatsing for barnehagen er inkluderande barnehagemiljø og berekraft. Målet til Ulvik barnehage er også «Ein stad der alle trivast i eit inkluderande barnehagemiljø.
Kvalifikasjonar
Utdanna barnehagelærarar evt fagarbeidar og praksis frå arbeid med born.
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Me søkjer etter deg som kan samarbeida i team, kan kommunisera godt med born, kan arbeida sjølvstendig, ynskjer å læra av og med andre, er utviklingsorientert, har positivt barnesyn, har humor og god relasjonskompetanse.
Ulvik har mykje å by på - Ulvik kommune
Søk elektronisk her Merk med saksnr. 25/143
Søknadsfrist: 3. april 2025
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Konstituert styrar
Ida Opedal
ida.opedal@ulvik.kommune.no
Tlf: 98493413