Ulvik skal ta imot 14 ukrainske flyktningar som kjem til bygda i veke 20.
Det er fire born i skulealder og 10 vaksne.
Me har avgrensa informasjon om flyktningane som kjem til oss, om kva dei treng av hjelp og utstyr. Me kjem til å leggja ut melding til innbyggjarane våre om det er behov for hjelp frå lag og privatpersonar med tanke på utstyr, etc.
Heradet er godt førebudd til å ta imot flyktningane. Marny Hide og Zuhal Aydin har ansvar for oppfølginga og koordineringa av flyktningarbeidet.
Me ynskjer flyktningane velkomne til bygda vår og oppmodar alle til å ta imot flyktningane på ein god måte!