13.02.2021, KL. 18.45: NYE SMITTETAL

Coronavirus - Klikk for stort bilete Det er kome inn 4 nye positive prøvesvar på Covid19 i løpet av siste døgnet. Då er det totalt 130 personar som er smitta med Covid 19 i Ulvik.

Kommuneoverlegen er optimistisk, og trur at vi no ser enden på utbrotet, takka vera stor felles innsats i ei lita bygd!

Me minner om at det komande veke vil vera testing i Fleirbrukshallen på fylgjande tidspunkt:

Tysdag:           Kl. 12 – 14 (Helsepersonell kl. 14 – 15)

Fredag:           Kl. 12 – 14 (Helsepersonell kl. 14 – 15)

 

Du treng ikkje ringja legekontoret for å avtale testtidspunkt, berre møt opp i aktuelt tidsrom.

Vaksinasjon går som planlagt og folk vil motta innkalling til dette.

Tidlegare publiserte reglar for karantene og isolasjon finn du her:

12.02.2021, KL. 16.00: NYE SMITTETAL OG TESTING NESTE VEKE - Ulvik herad

Me vil igjen takka alle våre innbyggjarar for at de støttar opp om smittevernarbeidet. Me ynskjer dykk ei god helg.

 

Information in english  (PDF, 109 kB)


Information in arabic  (PDF, 238 kB)

 

 

Helsing

 

Hans Petter Thorbjørnsen

Ordførar Ulvik herad

Sist endra 17.02.2021