12 timar gratis SFO for 1. trinn frå og med skuleåret 2022/2023

Regjeringa har gjort framlegg om at elevar på 1. trinn skal ha 12 timar gratis SFO. Kunnskapsdepartementet vedtok forskriftendinga i midten av juni 2022.brakanes skule med norsk flagg - Klikk for stort bilete 

Det betyr at det vil verta billegare for borna å gå på SFO det fyrste skuleåret. Ordninga gjeld frå skuleåret 2022/2023 og berre for elevar på 1.klassetrinn. Ordninga gjeld òg SFO-tilbod i feriar på 1. klassetrinn.

Kommunane er pålagde å plassera kor tid på dagen dei 12 gratistimane skal fordelast. Kommuen kan ikkje automatisk trekkja 12 timar frå opphaldsbetalinga slik at tilbodet over eitt år tilsaman gjev gjennomsnittleg 12 timar gratis SFO per veke.

Ulvik herad har fordelt gratistimane slik:

Dagar

Klokkeslett

Timar

 

Måndag t.o.m. fredag

07.30-08.30

Totalt 5 timar pr veke

Mandagar og tirsdagar

13.00-14.00

Totalt 2 timar pr veke

Onsdagar

14.00-16.00

Totalt 2 timar pr veke

Fredagar

11.00-14.00

Totalt 3 timar pr veke

 

  • Det vil innebera at dersom du har søkt om fredagsplass eller redusert plass for ditt barn som går i 1. klasse frå hausten av, så vil SFO plassen vera gratis. Har du heil plass og/eller ferieplass i tillegg så vil det verta tilsaman 12 timar redusert opphaldsbetaling per veke.
  • Neste faktura for SFO opphald vert sendt ut i slutten av august. Fakturaen vil vera fråtrekt gratistimane. I tillegg vil tilleggsskjøp på ekstradagar i SFO i sommarferien fakturerast på augustfaktura. Dersom barnet ditt har fredagsplass eller redusert plass og går i 1. klasse, vil det ikkje sendast ut faktura.
  • Dersom foreldre med born i 1. klassetrinn ynskjer å endra på opphaldstida i SFO på grunn av gratis SFO-timar, må dei søkja om endring/ny søknad via søknadsskjema på Ulvik herad si heimeside snarast. Der finn de også dei ulike SFO tilboda.
  • Kommunen pliktar å ha eit tilbod om SFO, men det er ikkje ein rett for elevane å få SFO-plass. Om kommunen ikkje har kapasitet til å gje alle aktuelle elevar eit tilbod, vil me prioritera elevar på 1. trinn og elevar med særskilte behov frå 1.-7. trinn.

 

Les meir:

Til toppen