Du treng ikkje ringja legekontoret for å avtale testtidspunkt, berre møt opp i aktuelt tidsrom.
Vaksinasjon går som planlagt og folk vil motta innkalling til dette.
Me minner om reglar for karantene og isolasjon, henta frå www.fhi.no:
Kva er karantene?
Karantene betyr at du skal redusera kontakt med andre menneske mest mogleg. Du kan ikkje gå på skule, jobb og andre aktivitetar, og du kan ikkje ta kollektivtransport. Du kan gå ein tur ute åleine. Du bør få andre til å handla for deg. Viss det ikkje er mogleg, kan du gjera heilt nødvendige ærend, men hald avstand og bruk munnbind.
Dersom du begynner å få hoste, halsbetennelse, er kortpusta eller har feber, skal du isolera deg (sjå nedanfor), og kontakt lege på telefon 116 117.
Karantenetida i Ulvik er 14 dagar.
Kva er heimeisolasjon?
Heimeisolasjon betyr at du skal vera isolert frå alle, og dei du bur saman med. Du kan ikkje gå ut, du bør vera på eit rom for deg sjølv (gjeld ikkje små born), ete på rommet og må ikkje dele handkle med andre. Om tilstanden din vert verre, må du kontakta lege på telefon 116 117. Isolasjonen varer i 10 dagar, og vert oppheva dersom du det siste døgnet av denne perioden er feberfri (utan bruk av paracet). Ved tvil er det legen som bestemmer om du er smittefri, ta kontakt på telefon.
Karantene og isolering - FHI
Me vil takka alle gode innbyggjarar for at de støttar opp om smittevernarbeidet. Me vil ynskja dykk ei god helg og gjev ei oppmoding om å nyta finvèret ute i den vakre Ulvikanaturen!
Information in english (PDF, 474 kB)
Information in arabic (PDF, 243 kB)
Helsing
Hans Petter Thorbjørnsen
Ordførar Ulvik herad