Alle som tidlegare har testa negativt og som har ein eller fleire med smitte i familien, må ta ny test i løpet av denne veka. Det blir prøvetaking i Fleirbrukshallen på fylgjande tidspunkt:
Fredag: Kl. 12 – 14 (Helsepersonell kl 14 – 15)
Du treng ikkje ringja legekontoret for å avtale testtidspunkt, berre møt opp i aktuelt tidsrom.
Me vil minna om at det er viktig å bruka munnbind og at me brukar det rett. Når du skal bruka munnbind, er fylgjande viktig:
-
Reingjer hendene før du tek på munnbind.
-
Pass på at munnbindet sit tett inntil ansiktet og godt over nasa.
-
Klem munnbindet på kvar side av naseryggen og dra det godt ned under haka.
-
Munnbindet skal alltid ha den farga sida ut.
-
Ikkje ha det nedanfor nasa eller på haka. Ikkje flytt det opp og ned.
-
Briller skal vera over munnbindet.
-
Bruk munnbindet berre ein gong.
For meir informasjon om rett munnbindbruk, sjå:
https://www.helsenorge.no/koronavirus/munnbind/
Information in english (PDF, 300 kB)
Information in arabic (PDF, 309 kB)
Helsing
Hans Petter Thorbjørnsen
Ordførar Ulvik herad