10.02.2021, KL. 19.00:

Coronavirus - Klikk for stort bilete Det er ikkje kome inn nye smittetal i dag for testar i går (09.02) dvs at det er framleis 100 personar som har fått påvist Covid19 i Ulvik.

 

Me minner om at alle som tidlegare har testa negativt og som har ein eller fleire med smitte i familien, må ta ny test i løpet av denne veka. Det blir prøvetaking i Fleirbrukshallen på fylgjande tidspunkt:

Torsdag:         Kl. 12 – 14

Fredag:           Kl. 12 – 15 (Helsepersonell kl 14 – 15)

Det er redusert opningstid på teststasjon då det har vore redusert behov for testing.

Du treng ikkje ringja legekontoret for å avtale testtidspunkt, berre møt opp i aktuelt tidsrom.

 

Hugs smittevernreglar: Bruk munnbind, hald avstand, vask og sprit hender!

Det er nydeleg vèr ute, så ein luftetur kan anbefalast!

 

Helsing

Hans Petter Thorbjørnsen

Ordførar Ulvik herad

Sist endra 10.02.2021