Det nærmar seg slutten på karantenetida for mange.
Dei som vart sette i karantene 29/1, kan avslutta karantenen og gå ut i samfunnet igjen laurdag 13/2. Vilkåra er at dei har teke 2 negative testar og at ingen i husstanden har testa positivt i mellomtida.
Det er fleire familiar der familiemedlemar har blitt smitta etter kvart, så desse må nok halda ut litt lenger i isolasjon og karantene. Helsetenesta vil ta individuell kontakt med dei familiane dette gjeld i løpet av denne veka.
Til alle ute i det offentlege rom: Ta godt imot sambygdingar som har vore sjuke.
Hugs smittevernreglar: Bruk munnbind, hald avstand, vask og sprit hender!
Helsing
Hans Petter Thorbjørnsen
Ordførar Ulvik herad
Information in arabic (PDF, 218 kB)
Information in english (PDF, 116 kB)