Det er hittil gjennomført cirka 450 testar i Ulvik, av desse er 96 positive. Det er funne engelsk mutasjon i 69 prøver.
I mange husstandar er det no familiemedlemar som har testa både positivt og negativt på Covid19-test. Før isolasjonen vert oppheva, vil me ta ny test på dei som har testa negativt. Dette fordi ein kan bli smitta av nære positive familiemedlemer. Dei som er smitta/positive skal vera i isolasjon i 10 dagar etter symptomdebut og feberfri i minst 24 timar. Mange positive melder tilbake at dei er symptomfri. Då reknar me isolasjon frå den dagen dei vart testa og 10 dagar fram. Det er legen som skal gje klarsignal for oppheving av isolasjon.
Med god hjelp frå nabokommunane går driftskabalen ved Ulvik omsorgstunet opp. Eidfjord kommune vil levera varmmat til omsorgstunet til og med onsdag.
Det er innført strenge tiltak i Bergen og 12 kringliggjande kommunar, inkludert Ulvik. Dette med utgangspunkt i smittesituasjon i Ulvik, Kvam og Bergen. Desse 3 kommunane har strengare tiltak enn dei 9 andre kommunane. For Ulvik sin del er det Lokal smittevernforskrift som gjeld, sjå informasjon:
https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2021-02-03-308
For meir informasjon om regionale tiltak, sjå:
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/bergensutbruddet-kraftige-tiltak-i-bergen-og-kommunene-rundt/id2831984/
(klikk på biletet for betre kvalitet)
Bilde: Ola Henning Målsnes/Bergen kommune
Helsing
Hans Petter Thorbjørnsen
Ordførar Ulvik herad