Det er no stadfesta at det er 92 personar som er smitta med Covid 19 i Ulvik, og me mottek fortsatt prøvesvar frå gårsdagen 06.02.2021. Teststasjon frå Bergen legevakt skal vera i Ulvik kvar dag komande veke. Det blir prøvetaking i Fleirbrukshallen mellom kl. 12 og 16. Du treng ikkje ringja legekontoret for å avtale testtidspunkt, berre møt opp i aktuelt tidsrom. Alle blir registrert når dei kjem til hallen, ha namn og personnummer klart. Det vil stå vaktar for å dirigera trafikken ved fleirbrukshallen.
Alle nærkontaktar (til ein smitta person) skal testast på ny (gong 2) når det er gått ei veke etter første test, så møt opp til ny test når det har gått ei veke.
Obs! Ventekarantene var eit tiltak for første test, og gjeld ikkje no.